TearbmaohcanDuogášGrammatihkkaTeknihkka dieđutDivvun
 

Møte 1.4.2004

Deltakarar

Til stades:
ABH, BKP, LÅH, PEK, RT, SNM
Møteskrivar:
SNM (i ettertid)

Referat

  1. Presentasjon av portalen og arkitekturen, og organiseringa av prosjektet

    Vi diskuterte ein del om korleis vi skulle organisera oppdateringar av portalen (nye dokument, ikkje nye termar), og kom fram til at LÅH (og andre frå IT-avdelinga?) inntil vidare gjer det manuelt. Vi kan vurdera seinare om det er så mykje arbeid/så mange oppdateringar at prosessen bør automatiserast.

    Risten nemnde at det vil vera ei stor hjelp om felt med likt innhald frå term til term (t.d. fagfelt) er ferdig ifyllt med forslag basert på førre termen som vart redigert.

  2. Arbeidsplanen - gjennomgang og diskusjon

    Risten, Lene og dei andre kursdeltakarane kan ta over oppdateringa og vedlikehaldet av dokumenta i portalen (grammatikkar, språkhistorie, m.m.) etter XML-kurset.

  3. Portalen: namn, logo, lanseringsdato

    Bitte, Berit Karen og Risten arbeider vidare med namn (og grafisk utforming av namnet). Bitte hadde forslag om å lansera portalen i samband med opninga av XXX i august. Vi kjem tilbake til saka.

  4. Termbasen: endringar eller tillegg i strukturen?

    Legg til dialektinfo og uttale, elles ok.

  5. Kven skal ta over etter Sjur?

    IT-avdelinga (LÅH, RA, Geir), GIO (administrera brukarar og tilgangsrettar)

    Vi brukte ein del tid på å diskutera organiseringa av vedlikehald og oppdateringar. I tillegg til at teknisk vedlikehald ligg på IT-avdelinga, bør vi setja opp ein intern servar som ein testplattform for endringar og oppdateringar, både for innhald og utsjånad. Denne servaren skulle òg vera CVS-servar. LÅH arbeider vidare med dette.

    Alle vedlikehaldspunkta og programma som skal drivast er:

    • "ekstern" servar:
      • Tomcat
      • Forrest
      • eXist:
        • GIO: brukarar, tilgangsrettar
        • setja opp nye ordbøker og termbasar, backup (er allereie på plass? sjekk med RA)
      • Apache? Om vi treng Apache til noko (statisk innhald)
    • "intern" servar:
      • Tomcat
      • Forrest
      • CVS
    • oppdatera portalen
  6. Kven skal på eit større XML-kurs?

    IT-avdelinga (LÅH, RA, Geir ?). Kurset bør innehalda opplæring i :

    • XML (inkl. DTD og namespaces, ev Schema)
    • XSLT
    • CSS (oversikt, grunnleggjande syntaks)
    • XQuery (vart ikkje nenmt på møtet)
    • (X)HTML (oversikt)

Merknader til nokre av punkta / tankar etter møtet

lokal servar:
Det er mogleg det vil vera betre å ha to ulike eXist-databasar: ein database i den eksterne portalen som berre handterer søking i ferdige ordbøker og termbasar, og ein annan på den lokale servaren for redigering og uferdige termbasar. Eg har sett nokre rapportar om at eXist blir mykje treigare etter at ein har endra på XML-dokumenta i databasen. Dette må eg undersøkja, men om det stemmer, vil ei løysing vera å flytta redigeringa over på den interne/lokale servaren. Det vil og gjera redigeringsmiljøet sikrare, i og med at alle funksjonar som krev skriverettar ligg innanfor alle brannmurane.