Spesifikasjonar: brukargrensesnittet
Skjematisk framstilling av dei ulike hovudbolkane
Portalen
Vanlege vevsider vil ha ei visuell organisering som vist i figuren nedanfor.

Dei ulike felta er:
- logo for Sametinget
- logo for portalen
- liste med språk som ein kan velja for portalen
- «flikar» med hovudbolkane for portalen
- søkjefelt (søkjer i alle installerte ordbøker og termbasar, ev berre dei basane som brukaren sist brukte)
- meny for kvar hovudbolk
- tekstfelt - her kjem all den eigentlege tekste for kvar side
- statistikkfelt - berre på framsida (for dei andre sidene vil tekstfeltet (7) gå heilt ut til kanten: her er tanken at brukarane skal kunna sjå kor mange besøkjarar det har vore, kva som er dei mest populære søkjeorda, kva for ordbøker som er mest brukt, m.m. Nøyaktig kva som skal vera her, og kvifor, må diskuterast nærmare.
- sluttfelt med merknader om opphavsrett, servarprogramvare og kompatibilitet, dei to siste i form av standardiserte logoar.
Felta kan delast inn i tre grupper:
- Hovud: felt 1-5
- Kropp: felt 6-8
- Fot: felt 9
Hovudet er alltid synleg, resten vil variera litt etter kva for bolk ein ser på, særleg vil søkje- og resultatvisingsbolkane og redigeringsbolken ha ei anna organisering (sjå lenger ned).
Søkjeside for ordbokssøk
Søkjesida for ordbokssøk vil sjå ut som vist nedanfor:

Dei ulike felta er:
- logo for Sametinget
- logo for portalen
- liste med språk som ein kan velja for portalen
- «flikar» med hovudbolkane for portalen
- søkjefelt (søkjer i alle installerte ordbøker og termbasar, ev berre dei basane som brukaren sist brukte)
- utvida søkjefelt der ein kan spesifisera i kva ordbøker og termbasar ein vil søkja, kva felt ein vil søkja på m.m.
- treffliste: liste over ordboksartiklar som vart funne i søket, ordna etter:
- ordbok / termbase
- søkjefelt (treff på oppslagsord fyrst)
- alfabetisk
- ordboksartikkel for valt oppslagsord
- tilleggsopplysningar for oppslagsordet: her kan ein visa ulik informasjon, alt etter kva brukaren vil ha. Nokre døme: bøyingsmønster / paradigme for ordet, bilete eller annan audiovisuell informasjon knytta til oppslagsordet, m.m.
Trefflista vil bli visuelt delt opp i ulike blokker for kvar ordbok, med tittelen på ordboka (eller ei kortform av tittelen) øvst i blokka.
Søkjeside for termsøk
Denne søkjesida er den same som for ordbokssøk (sjå over), men artiklane vil ha ei anna organisering, og det kan vera litt andre opplysningar og ei anna organisering av trefflista.
Eksport
Redigering
Det er skilnad på korleis ein redigerer ei ordbok og ein termbase, og det er skilnad på den underliggjande strukturen. Difor treng vi to ulike redigeringsmodus, avhengig av materialet som skal redigerast.
Det bør òg nemnast at det skisserte grensesnittet her sjølvsagt er grovt og utan detaljar. I praksis vil ein redigeringsmodus for ei ny ordbok vera ein kopi av ein eksisterande redigeringsmodus, som så vert tilpassa behova i den nye ordboka.
Ordbok
Termbase
Administrasjon
Brukarar og tilgangskontroll
Dette gjeld i hovudsak (eller berre?) for dei som skal redigera.
Ordbøker og termbasar
Det er ein viss rutine med å leggja til nye ordbøker og termbasar. Noko av det skal ein gjera via vevlesaren, og det ser ut som vist nedanfor.
by Sjur N. Moshagen


