TearbmaohcanDuogášGrammatihkkaTeknihkka dieđutDivvun
 

Velkomen til prosjektet Samisk orddatabase

Warning

Den tekniske dokumentasjonen er utdatert i høve til resten av prosjektet, og det som står her reflekterer ikkje alltid den noverande statusen. Den tekniske dokumentasjonen vil bli oppdatert etter kvart.

Mål

Prosjektet har to hovudmål:

  1. å konvertera den eksisterande databasen til Unicode (UTF-8)
  2. å setja opp ein portal for den eksisterande databasen (og etterkvart andre med); portalen skal gjera det mogleg både å søkja og (for registrerte brukar) redigera ordboksmateriale og terminologibasar

Arbeidsplan

Her fylgjer hovudpunkta i arbeidsplanen:

  • Setja opp servar med databasemotor og dokumentasjonsrammeverk.
  • Skriva ut spesifikasjonar
  • Konvertera den eksisterande databasen frå SQL-format til:
    1. termbase for alle postar som har ein emnekode (høgste prioritet)
    2. tospråkleg ordbok for alle andre postar (sekundært)
  • Laga ei søkje- og blaside for termbasen (kan brukast om att for andre termbasar)
  • Laga ei redigeringsside for termbasen
  • Gjera alle vevsidene fleirspråklege, og leggja til språkval på framsida
  • Laga ei søkje- og blaside for ordboka (kan brukast om att for andre ordbøker)
  • Laga ei redigeringsside for ordboka

Sjå elles gjerelista for fleire punkt, ei liste over endringar for dei siste endringane, og spesifikasjonane for fleire detaljar for kvart punkt.