Samisk orddatabase - Grafiske val - Fontar
Fontar brukte i orddatabasen
Desse fontane er i bruk, ordna etter dei tre hovudklassane Sans Serif, Serif og Jamnbrei, og deretter i prioritert rekkjefylgje (slik dei er spesifiserte i CSS-stilarket):
- Sans serif (overskriftar, menyar m.m.):
- Lucida:
- Lucida Sans Unicode (inkl. i Windows 2000 og nyare; tilgjengeleg frå prof. John Wells på University of London) — det er ein TrueType-font som kan brukast både på Linux og MacOS X — last ned og installer
- Lucida Grande (inkl. i MacOS X)
- Arial:
- inkl. i Windows og MacOS X; Mac-versjonen inneheld ikkje dei samiske bokstavane, men ein modifisert versjon kan hentast frå Davvi Girji, eller ein kan nytta MS-versjonen som er tilgjengeleg frå Sourceforge, jf det siste avsnittet). Standardversjonen i Windows inneheld ikkje dei skoltesamiske teikna, men sjå neste punkt.
- Det finst òg ein annan versjon frå MS, «Arial Unicode MS», som inneheld alle samiske teikn, inklusive skoltesamiske. Denne fonten er inkludert i Office- og Word-versjonar i det minste frå 2002-versjonen og nyare, det er mogleg at han òg er inkludert i Word/Office 2000.
- FreeSans (fritt tilgjengeleg - heimeside)
- Verdana (inkl. i Windows og MacOS X; Mac-versjonen inneheld ikkje dei samiske bokstavane, men ein modifisert versjon kan hentast frå Davvi Girji, eller ein kan nytta MS-versjonen som er tilgjengeleg frå Sourceforge, jf det siste avsnittet)
- Lucida:
- Serif (brødtekst o.l.):
- Bitstream Cyberbit, versjon 2.0 (nyare versjonar er kommersielt tilgjengelege)
- Caslon, gratis nedlasting
- Times (inkl. i MacOS X, manglar skoltesamiske teikn og Ŋ/ŋ (ENG))
- Times New Roman (inkl. i Windows, versjonen i MacOS X har ingen samiske teikn)
- FreeSerif (fritt tilgjengeleg - heimeside)
- Jamnbrei («monospace» — kjeldekode m.m.):
- FreeMono (fritt tilgjengeleg - heimeside)
- Everson Mono Unicode (shareware 33€)
- Courier New:
- Windows: inneheld ikkje skoltesamiske teikn
- MacOS X: inneheld ingen samiske teikn utover Latin1
Fontane er valde etter desse kriteria, i prioritetsrekkjefylgje:
- dei inneheld alle samiske teikn
- dei er standardfontar, eller lett tilgjengelege:
dei er inkluderte i alle ganske nye operativsystem frå Microsoft (Win2000 eller nyare) og Apple (MacOS X 10.2 eller nyare), eller er gratis tilgjengelege på Internett - dei er gode å sjå på, både på skjerm og papir
Microsoft sine Web-fontar, som tidlegare var tilgjengelege frå heimesidene til MS, kan ein no henta heilt lovleg og offisielt frå denne Sourceforge-sida. Installeringa er krøkkete dersom ein ikkje sit på Windows, men oppskrift og verkty for å installera dei på Linux fylgjer med.
Bitstream Vera (fritt tilgjengeleg) var eigentleg tenkt som hovudalternativet for dei kommersielle fontane inkluderte i Windows og MacOS, men skriftfamilien inneheld inntil vidare ingen samiske teikn utover det ein finn i ISO-8859-1. Det er likevel meininga at dei fleste medlemmene i familien skal få støtte for i det minste Microsoft sitt WG4(?)-teiknsett. Det inkluderer ikkje skoltesamisk, men alle dei andre samiske språka med latinsk skrift vert dekte. Skriftfamilien vil verta inkludert når teiknrepertoaret inneheld dei samiske teikna.
by Sjur N. Moshagen


