TearbmaohcanDuogášGrammatihkkaTeknihkka dieđutDivvun
 

Redigerar for klassifikasjonssystemet

Denne sida spesifiserer redigeringskomponenten for klassifikasjonssystemet. Klassifikasjonssystemet får ein redigerar fyrst, sidan det er enklare, og kan fungera som prøveklut for å laga ein redigeringskomponent.

Operasjonar

  • legg til ny kategori
  • legg til ny underkategori
  • fjern kategori (med underkategoriar)
  • legg til tekst på nytt språk for spesifisert kategori
  • endra tekst for spesifisert kategori
  • fjern tekst/språk for spesifisert kategori (trengst det?)
  • eksporter klassifikasjonane til Cocoon/i18n/l10n

Kriterium for å redigera

  • registrert brukar i eXist
  • brukar har løyve til å endra dokumentet
  • er logga inn (aktiv 'session')

Grensesnitt for redigeraren

Skjematisk kan det vera noko i stil med:

Skjematisk framstilling av klassifikasjonsredigeraren

Eit detaljert utsnitt av klassifiseringslista (gult felt over) kunne vera noko slikt som:

Detaljert framstilling av klasselista for redigering

Ei detaljert skisse til redigeringsskjemaet (grønt felt over) kunne vera:

Detaljframstilling av sjølve redigeringsskjemaet.