TearbmaohcanDuogášGrammatihkkaTeknihkka dieđutDivvun
 

Samisk orddatabase - Arbeidsplan

Arbeidsplan

Arbeidsplanen er delt opp i fem ulike hovudbolkar, etter dei tre hovuddelane av prosjektet (ein hovuddel, db-app, er delt opp i to ulike arbeidsbolkar), pluss ein del som gjeld infrastruktur. Arbeidsplanen gjeld frå midten av mars 2004, og er på 18-19 arbeidsveker. Noko av arbeidet kan gjerast samtidig, og sluttdato er sett til 15. juli 2004.

Desse bolkane svarar grovt sett til ulike modular. Desse modulane finn ein att i CVS-katalogane, Tomcat-katalogar og i andre samanhangar, og dei har fått korte namn for enkelt å kunna referera til dei. Modulnamna står i parentes i overskriftene nedanfor.

Portalen (site-app) 2-3 v.

Portalen er den delen av prosjektet som omfattar heile vevplassen bortsett frå interaksjon med databasen.

Oppgåve Arbeidsmengde Ansvarleg Merknad
fleirspråksrammeverk 2d SNM Mykje er allereie på plass, men noko står att. Eg samarbeider med andre brukarar og utviklarar av rammeverket eg bruker for portalen for å få i stand det som manglar.
språkvalsmeny 3d SNM Som over.
føra over samiske dokument frå gamal vevstad 5d RT Det kan enklast gjerast ved å kopiera teksten frå den gamle vevstdaden over i redigeringsprogrammet, og deretter gå over og retta teksten
Tilpassa utsjånaden:
  • søkjeboks for databasen
  • logoar
2d SNM
Finna namn og laga ein logo av namnet ? ABH/RT
Sjå over innhaldet i historiedelen og grammatikken 5d RT Reorganisera historiedelen i språkhistorie, allmenn historie og dialekt-/språkoversikt
Omsetja og skriva eigen historiedel for kvart språk ? RT Detaljane diskuterer Risten, Bitte m.fl.
Legg inn samediggi@samediggi.no som e-postadresse 0d SNM Kontaktadresse for språkspørsmål

Dababasekonvertering (db-conv) 3v.

Databasekonverteringa gjeld arbeidet med å konvertera den gamle databasen frå proprietær tekstkoding til Unicode (UTF-8) - dette er allereie gjort - og å konvertera SQL-tabellane til ein passande XML-struktur for ordbøker og terminologi.

Ordboksdelen har lågare prioritet enn terminologidelen, og vil bli laga sist.

Oppgåve Arbeidsmengde Ansvarleg Merknad
Definera ordboksstruktur 2d SNM Vi skal berre definera ein rimeleg struktur for den eksisterande basen. Eg legg difor ikkje ned meir arbeid på dette no. Det er dessutan lett å endra strukturen seinare.
Definera termstruktur 4d SNM Som over.
Konvertera ikkje-termar:
  • no-se
  • se-no
4d SNM Postar i det noverande materialet utan emnekode konverterer eg til ein vanleg tospråkleg ordboksstruktur, i kvar retning.
Konvertera termar 4d SNM Eg konverterer alt som har ein emnekode til termbasen. Eg tek ikkje stilling til innhaldet i basen, og dermed heller ikkje om noko faktisk er ein term.
Konvertera klassifikasjonssystem 2d SNM Heile klassifikasjonssystemet bør sjåast over, men det ligg utanfor det eg gjer no. Eg gjer det i staden lett å bruka fleire parallelle klassifikasjonssystem, så kan ein leggja til eit betre seinare.

Søking (db-app) 4v.

Søkjedelen omfattar XQuery-skript for å søkja i databasen, og presentasjonen av søkjeresultatet, samt eit strukturert og oversiktleg søkjepanel.

Oppgåve Arbeidsmengde Ansvarleg Merknad
Ordbokssøk - xql-skript 1v SNM
Termsøk - xql-skript 1v SNM
Grensesnitt - hovudkomponentar 2d SNM Rammene og toppfeltet
Grensesnitt - søkjefelt 2d SNM Feltet lengst til venstre, som inneheld standardfelt for eit spesifisert søk
Grensesnitt - treffliste 3d SNM Utsjånaden og layout til trefflista
Grensesnitt - termpost 2d SNM Utsjånad og layout til termpostar
Grensesnitt - ordboksartiklar 3d SNM Utsjånad og layout til ordboksartiklar

Redigering (db-app) 5v.

Redigeringsdelen omfattar XQuery-skript og XUpdate-skript for å henta ut og lagra informasjon i databasen, og eit klart og oversiktleg grensesnitt for å redigera og leggja inn tekst. Han omfattar òg ein komponent for å administrera databasen.

Oppgåve Arbeidsmengde Ansvarleg Merknad
Termredigering - XQL 1v SNM
Termredigering - grensesnitt 1v SNM
Ordboksredigering - XQL 1v SNM
Ordboksredigering - grensesnit 1v SNM
DB-administrasjon - XQL 3d SNM kan truleg baserast mykje på det som kjem med eXist
DB-administrasjon - grensesnitt 2d SNM Leggja til nye databasar (ordbøker, termbasar), nye brukarar, tilgangskontroll m.m.
Rapportar for nye ord og redigeringsarbeidet 1v SNM GIO treng rapportar om framgangen i redigeringsarbeidet til eksterne medarbeidarar for kvalitetssikring og statistikk.

Infrastuktur og opplæring på Sametinget 4v.

Infrastruktur og opplæring dekkjer installering og oppsett av program som vi treng i prosjektet, og opplæring i å bruka dei.

Oppgåve Arbeidsmengde Ansvarleg Merknad
Installera redigeringsprogram (XXE + Java) 1d LÅH Program for å redigera tekstar som ligg i portalen (t.d. grammatikktekstar, historikk, m.m.). Vi bruker XXE.
XML-kurs med redigeringsøvingar 3d SNM Dette er eit kurs i å redigera tekstar som skal finnast i portalen, til dømes grammatikkar, historikk eller andre emne som de vil leggja ut. Det er ikkje eit kurs i å redigera termar og ordbøker, det kjem seinare.
Installera CVS-servar og oppretta eit CVS-repositorium (-base) 2d RA, LÅH, SNM Vi må diskutera korleis vi skal handtera versjonskontroll, og kor eitt evt. repositorium skal liggja. No har eg installert ein CVS-servar og laga eit repositorium på servaren for ordboksportalen, men det er korkje bra for responsen til portalen, eller tryggleiken til CVS-basen og tekstane våre.
Ekstern tilgang til servar 2d RA, SNM Det må snart vera mogleg å nå servaren og ordboksportalen frå utsida.
Installera CVS-klient, og gje opplæring 3d LÅH, SNM Eg ser for meg at LÅH har hovudansvaret for alt som gjeld CVS. Det må vi sjølvsagt diskutera.
Tilpassa XXE:
  • tabellredigeringa må bli enklare
1d SNM Vi kan kopiera ein modul for å redigera tabellar frå XHTML-modusen til XXE.
Installera lokal Forrest for testing 3d LÅH, SNM Det kan vera greidt å sjå resultata av endringane og oppdateringane før dei blir lagt ut på vevstaden. I tillegg vil all tekst bli parsa og dermed sjekka for syntaksfeil og visse andre feil. - CVS-rep. og servar ligg og her. Eigen lokal servar på GIO.
Redigeringskurs 3d SNM Eit innføringskurs for å læra det nye redigeringssystemet
Teknisk opplæring 3d SNM Kurs for LÅH, RA (m.fl. ?) i Forrest, Tomcat, eXist (Apache?) og servaroppsettet.